Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
BRATT OG BLÅTT

- Første gang i Ørsta!
Bandet Evergood frå Ulstein og Hareid skal spele på Stødt Scene for første gong, og det skjer fredag 8.mars 2024.
Evergood spelar i sjangeren rock/bluesrock og spelar cover av bla. Deep Purple, Joe Bonamassa, Whitesnake, Billy Idol, ZZ-Top, Black Sabbath og Neil Young.
Asle Eiken (vokal/gitar), som nokre også kjenner som vokalisten i Broad Line, har saman med Tom Henrik “Tomma” Nevstad(gitar) og Lars-Gustav Sande (bass) vore med heilt i frå starten tidleg på 2000-talet, mens trommis Stian Sand kom med i bandet i 2017.
-Vi har spelt mange stadar i området, men det har aldri ramla på plass ein spelejobb i Ørsta, fortel gitarist Tom Henrik Nevstad. Når det først no skulle skje, er vi veldig entusiastiske over at spelejobben blir på den kanskje mest musikkdedikerte utestaden i heile området, nemleg Stødt Bar & Scene, proklamerer han.
Karane i Evergood er ikkje redde for å skryte av staden dei no skal spele på.
- Ørsta er heldige som har ein slik utestad i området sitt. Stødt er jo også kjende for å ha mykje entusiastar og eldsjeler innen musikk og kultur, som ein ikkje finn andre stadar. Miljøet rundt utestaden aular av folk som enten spelar sjølv eller likar god musikk. Vi har høyrt mykje godt om konsertane på utestaden, fortel Nevstad.
-Vi håper at folk kjem og høyrer på når vi også skal “levere varene”, seier han lurt.
No står altså Stødt Bar & Scene for tur, og karane i Evergood er spenna klare til å “rocke Ørsta”, fredag 8. mars.
-Vi trur dette kjeme til å fyke av seg, avsluttar Tom Henrik Nevstad, gitarist i Evergood.

Evergood på Stødt

Organizer BRATT OG BLÅTT
Venue Stødt Bar & Scene
Ivar Aasen-gata 18, Ørsta, Norge
Date 8. March 2024
Open from 21:00
Show starts 21:30
Age limit 20

- Første gang i Ørsta!
Bandet Evergood frå Ulstein og Hareid skal spele på Stødt Scene for første gong, og det skjer fredag 8.mars 2024.
Evergood spelar i sjangeren rock/bluesrock og spelar cover av bla. Deep Purple, Joe Bonamassa, Whitesnake, Billy Idol,...

Konsert Evergood
Konsert med Evergood på Stødt Bar&Scene
200,00 NOK