Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Lom spel og dansarlag

Velkomen til minnekonsert for folkemusikaren Bjørn Odde frå Garmo (1939-2020).
Laurdag 25. mai 2024 ville Bjørn fylt 85 år. Dette skal markerast med ein minnekonsert etter storspelmannen og dansaren i Garmo bygdahus.

Det blir musikalske innslag frå familieorkesteret ved Bjarne Odde, Kristen Odde sr., Johannes Odde, Bjørn Kåre Odde, Kristen Odde jr., Mads Erik Odde og Steinar Odde. I tillegg vil Lom spelmannslag og gruppa Lendmenn vera sentrale utøvarar denne kvelden. Det blir også gode historiar om Bjørn og innslag av arkivklipp med dans og spel. Fleire utøvarar og gjester annonserast etter kvart.

Etter konserten blir det matservering, sal av drikke, sosialt samver og dansespel.

Dørene opner kl. 18:30, konsertstart kl. 19:00. Matservering og dans etter konserten frå ca. kl. 20:30/21:00 og utover kvelden. Garmo bygdahus har open bar heile kvelden.

Billettar kjøpast på førehand via Tikkio. Vi ynskjer at flest mogleg kjøper på førehand grunna matservering. Eventuelle ledige billettar selgast i døra.
Vaksen over 18 år: 300,-
Ungdom 12-18 år: 150,-
Born under 12 år: 50,-
Billett inkluderer konsert, dans og matservering. Billettavgift kjem i tillegg.

Medverkande (oppdaterast fortløpande):
Familieorkesteret
Solistar frå Odde-familien
Lom spelmannslag
Lendmenn
Nye Ringnesin
Odde & Kolden

Arrangementet er støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Lom kommune.
Arrangør: Lom spel- og dansarlag, familien Odde, Garmo bygdahus.

Minnekonsert Bjørn Odde

https://www.lomspel.com/
Organizer Lom spel og dansarlag
Venue Garmo bygdahus, Lom
Date 25. May 2024
Open from 18:30

Velkomen til minnekonsert for folkemusikaren Bjørn Odde frå Garmo (1939-2020).
Laurdag 25. mai 2024 ville Bjørn fylt 85 år. Dette skal markerast med ein minnekonsert etter storspelmannen og dansaren i Garmo bygdahus.

Det blir musikalske innslag frå...

Billett konsert, mat og dans (vaksen)
Billetten gjeld for deg over 18 år og inkluderer konsert, matservering og dans.
See more
316,00 NOK     
Billett konsert, mat og dans (ungdom)
Billetten gjeld for deg mellom 12 og 18 år og inkluderer konsert, matservering og dans.
See more
158,00 NOK     
Billett konsert, mat og dans (barn)
Billetten gjeld for deg under 12 år og inkluderer konsert, matservering og dans.
See more
53,00 NOK