Denne kvelden vert det pianokonsert ved Edyta K. Bryk. Etter konserten vert det mat og sosialt samvær i julepynta stover.
Edyta Kinga Bryk vart uteksaminert frå University of South Florida med ein mastergrad i fiolinutøving og frå Frederic Chopin Musikk Universitet i Warszawa med ein mastergrad i instrumental pedagogikk med fordjuping i fiolin. Ho har også studert kirkeorgel/liturgisk musikk hos NLA i Oslo. Ho har over 20 års undervisningserfaring og omfattande erfaring som orkestermusikar.
I 2010 flytta ho til Norge og er fast busett på Utne. Edyta er fast medlem av Orkesteret Fossegrimen på Voss, og har også vore innleigd av Opera Bergen. For tida arbeider ho som fiolin- og pianolærar ved Kvam Kulturskule, Voss kulturskule og som organist i Granvin og Ulvik.
Etter konserten vert det servert heimelaga rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker. Dette er inkluder i billettprisen.
Arrangementet startar kl. 18.00.