Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
KANALDAGANE

Kurt M. Johansen har ei lang karriere bak seg som soloartist og showmann på Haugalandet og nasjonalt. Han er vide kjend for rollefigurar og parodiar av kjentfolk frå fjern og nær og kan sjå tilbake på meir enn 30 år som artist. Som soloartist, primus motor i Synth å le og 10 år med 3 Busserulls.

Kurt kjem opphavleg frå Kvalavåg, men har dei siste 30 åra budde i Skudeneshavn i Karmøy kommune.

Kurt M. Johansen opptrer med ulike tema innan standup, innøvde karakterar, parodiar og kjendis-imitasjonar. Alt blir presentert med gjenkjenneleg humoristiske og ironiske vendingar som begeistrar og skaper topp stemning. Kurt har lang erfaring etter tallause turnear over heile landet, offshore og på Svalbard. Han har ved fleire høve hatt oppdrag i utlandet, pluss innslag i TV2 og i NRK. Kurt har og jobba saman med artistar som Jon Skolmen, Per Inge Torkelsen, Kenneth Sivertsen, Dag Schreiner, Steinar Lyse, Kristian Valen, Kari Svendsen, Mia Gundersen, Rune Bjerga, Lasse Pedersen og mange andre kjende og ukjende artistar.

Sjå fram til ei humoristisk aftan med standup, parodier og gode historiar.

Kystsonglaget er ein trio med fokus på den varme kystnære musikken med røter og tradisjon forankra langs kysten av landet vårt.

Repertoaret deira består mellom anna av gode gamle slagerar frå artistar som Johannes Kleppevik, Ivar Medaas og Salhuskvintetten. Dei har også songar frå andre sida av Nordsjøen på lur.

Kystsonglaget gler seg til å trampa og tralla i teltet under årets Kanaldagar.

Kurt Johansen + Kystsonglaget

https://kanaldagane.no/
Organizer KANALDAGANE
Venue Kanaldagane 2024
Kanalvegen, Finnås, Norge
Date 30. August 2024
Open from 21:00 to 02:00
Show starts 21:00
Age limit 18

Kurt M. Johansen har ei lang karriere bak seg som soloartist og showmann på Haugalandet og nasjonalt. Han er vide kjend for rollefigurar og parodiar av kjentfolk frå fjern og nær og kan sjå tilbake på meir enn 30 år som artist. Som soloartist, primus motor i Synth å le og...

Kurt Johansen + Kystsonglaget
369,00 NOK