Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Rustøy Overnatting AS

Image for Elida Høgalmen x Singerheimen
Elida Høgalmen frå Oldedalen, er ein indiepop singer-songwriter med base i Bergen.
I 2018 gav ho ut sin debut-EP ‘Past’, som fekk seks av seks hjerter i Bergens Tidende. Den vart i same anmeldelse kalla «en av årets fineste utgivelser». Nyleg var ho nominert til Luttprisen som årets artist frå Sogn og Fjordane.

I november 2023 slapp ho sitt nye album ‘whoopsie daisy’. Førstesingelen frå plata, med tittelen ‘Modern Love’, fekk VG sin musikkanmeldar til å trille seksar på terningen. Han omtalte den som «en praktfull, drivende sak» av en vokalist det er «et helt unikt drag over». På ‘whoopsie daisy’ har det musikalske uttrykket utvikla seg eit stykke bort frå den tunge melankolien kjent frå tidlegare utgjevingar, mot meir rytme og driv. Element som går igjen er bossarytmer, orgel og og finurlege vokalmelodiar. Med skarp penn og sarkasme som verkemiddel, er frustrasjon over menneske si likegyldigheit eit tema som gjennomsyrar tekstuniverset.

Elida har tidlegare spelt på festivalar som Vill Vill Vest, Øya (Klubbdagen), Trondheim Calling og Luttscena på Malakoff. Denne kvelden på Singerheimen spelar ho solo, og tar med ei blanding av ny og gammal sjølvskriven musikk.

Merchant legal name: Rustøy Overnatting AS

VAT: 932863243

Elida Høgalmen x Singerheimen

Organizer Rustøy Overnatting AS
Venue Singerheimen
Date 10. May 2024
Open from 19:30 to 23:00

Elida Høgalmen frå Oldedalen, er ein indiepop singer-songwriter med base i Bergen.
I 2018 gav ho ut sin debut-EP ‘Past’, som fekk seks av seks hjerter i Bergens Tidende. Den vart i same anmeldelse kalla «en av årets fineste utgivelser». Nyleg var ho nominert til...

Fredag 10.mai
SOLD OUT
360,00 NOK