Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
MELOVITTEN AS

Image for Plateslepp: Isa Holmgren "Dans med meg"
Velkomen til lanseringskonsert for vokalist Isa Holmgren si nye soloplate “Dans med meg”! Konserten skjer i Kuro Oslo laurdag 11. mai kl. 20.

“Dans med meg” løfter fram trall til dans og samspelet mellom dansen og musikken. Målet med innspelinga var å utforske og leike med det musikalske, høyrbare samspelet mellom songen og dansens rørsler og lyd. Dette er ei unik plate som hadde med seg dansarar i studio som ein aktiv samspelspart. På plata alternerer trall til dans med solospor der låtmaterialet består av tradisjonar frå grensetraktene i Finnskogen.

Plata vart spelt inn i oktober 2023 på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Vegar Vårdal var med som produsent, Synnøve Brøndbo Plassen som medprodusent og Fridtjof Lindeman som innspelingsteknikar. Medverkande dansarar på plata er Tone Ingvaldsen, Audun Grüner-Hegge, Solveig Brekke Hauknes og Torbjørn Bergwitz Lauen. Plata lanserast på plateselskapet Melovitten 26. april.

På lanseringskonserten presenterast også ein kort del av danseforestillinga med same namn som plata. I lag med Tone Ingvaldsen har Isa teke fram ei førestilling som bygger på samspel, slik som ein instrumentduo, men denne gongen med song og dans - ein konsertversjon av plata på eit vis.

Det blir sjølvsagt moglegheit for å kjøpe den heilt nye CDen "Dans med meg” denne kvelden.



19:00 – Dørene opner
20:00 – Konsertstart
01:00 – Baren stenger

Lokale: Kuro Oslo, Rathkes gate 9C

Billetter: 200,- vaksen, 100,- student/ungdom (billettavgift kjem i tillegg)
Kjøpast via Tikkio i forkant, eller med kort i døra.

melovitten.no

Merchant legal name: MELOVITTEN AS

VAT: 927809656

Plateslepp: Isa Holmgren "Dans med meg"

http://www.melovitten.no
Organizer MELOVITTEN AS
Venue Kuro
Date 11. May 2024
Open from 19:00 to 20:00

Velkomen til lanseringskonsert for vokalist Isa Holmgren si nye soloplate “Dans med meg”! Konserten skjer i Kuro Oslo laurdag 11. mai kl. 20.

“Dans med meg” løfter fram trall til dans og samspelet mellom dansen og musikken. Målet med innspelinga var å...

Konsertbillett vaksen
Vaksen over 18 år
-
0
+
211,00 NOK     
Konsertbillett ungdom/student
Ungdom under 18 år, eller studentar.
-
0
+
106,00 NOK