Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Tonehimmel

Image for Konsert i samspel med ein sildrande bekk
På denne konserten vert du kjend med fokuskomponistane på årets festival Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen. Vi går saman til det vesle og lite kjende kapellet på Folkestad. Her får vi konsertens fyrste musikalske innslag: verket "Pieces for violin" av Jan Erik Mikalsen. Det er eit solostykke for fiolin i to satsar som vert framført av Øyvind Robak.

Frå kapellet går turen vidare til den gamle Læremiddelfabrikken. Her får vi eit gjenhøyr med verket "Det du ser" av Kristin Bolstad som vart urframført på tonehimmel i 2022, den gongen med kontratenor og elektronikk. Til årets festival har Bolstad laga ein ny og akustisk versjon av verket for fem damestemmer, og det vert framført av komponisten si eiga vokalgruppe Stemmeklang inne i fabrikken.

​Konserten vert avslutta utandørs med urframføring av verket tonehimmel har tinga av Therese Birkelund Ulvo til årets festival med den noko uvanlege besetninga fem damestemmer, blokkfløyte og ein sildrande bekk. Bekken si eiga stemme er ein del av komposisjonen, og bekken ein del av verket si besetning.

Konsertvandring på Folkestad
Onsdag 26. juni
Konsertvandringa startar frå ferjekaia på Folkestad 18.15
(ferja går frå Volda 18.00)
Rein vandringstid under konserten er totalt ca. 15 minutt

Merchant legal name: Tonehimmel

VAT: 927674335

Konsert i samspel med ein sildrande bekk

http://www.tonehimmel.com
Organizer Tonehimmel
Venue Folkestad
Date 26. Jun 2024
Open from 18:15

På denne konserten vert du kjend med fokuskomponistane på årets festival Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen. Vi går saman til det vesle og lite kjende kapellet på Folkestad. Her får vi konsertens fyrste musikalske innslag: verket "Pieces for violin" av Jan Erik...

Ordinær billett
-
0
+
250,00 NOK
Rabattert billett
Ein rimlegare billett for den som treng det, vi spør ikkje om kvifor. Er du student, pensjonist eller berre har ein litt stram økonimi – kjøp denne billetten! Vi vil gjerne dele denne konserten med nettopp deg og håpar ikkje billettprisen skal stå i vegen for det.
See more
-
0
+
150,00 NOK