Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Tonehimmel

Image for Nystrøm og Sparks - eit improvisasjonsverk til Botnasanden
Ein av Noregs fremste saksofonistar, Rolf-Erik Nystrøm og dansar Einy Åm Sparks skaper eit improvisatorisk kunstverk til Rotevatnet og Botnasanden denne kvelden, eit samspel mellom dei to og naturen sjølv, ei oppleving du kan få berre denne eine kvelden.

Botnasanden, ved Rotevatnet i Volda, har vore med tonehimmel sidan oppstarten i 2022 og er ein stad både vi og mange andre voldingar er glade i. No lar vi stranda, skogen, utsikta og alle lydane her få spele saman med to fantastiske kunstnarar, i eit samspel som vi håper vil gje oss alle rom både til å føle, tenkje, vere og drøyme.

Rolf-Erik Nystrøm er ein av dei leiande saksofonistane innan samtidsmusikk og improvisasjon i Noreg og internasjonalt. Han har utvikla fleire nye speleteknikkar for instrumentet, og har ei eiga evne til å ta til seg nye uttrykk og sjangrar, alltid med sitt eige særpreg. Nystrøm har spelt på over hundre album og har urframført omtrent like mange verk over heile verda, mange av dei skrivne spesielt for han. Soloalbumet hans Concepts of Sorrows & Dangers (2006) fekk strålande kritikk i norske media og vart nominert til Spellemannspris. Han er fast medlem i ensembla POING, Seven Winds, Dozo, Hero, Nils Økland ensemble og Oslo sinfonietta.

Einy Åm Sparks er utøvande og skapande dansekunstnar, og har produsert og turnert fleire framsyningar både nasjonalt og internasjonalt. I 2011 oppretta ho EyeKnee Coordination, der kunstnariske samarbeid står sentralt i arbeidet og spenner om både dans, musikk, film og installasjon. Ho er spesielt interessert i å utforske kva som skjer i møtepunktet mellom daglege rørsler og dans, mellom dans og andre kunstartar, og i forholdet mellom utøvar, rom og publikum. Som ei forlenging av dansekunsten arbeider Sparks også med film og redigering, både innanfor dansefilm, dokumentarfilm og oppdragsfilm.

Merchant legal name: Tonehimmel

VAT: 927674335

Nystrøm og Sparks - eit improvisasjonsverk til Botnasanden

http://www.tonehimmel.com
Organizer Tonehimmel
Venue Botnasanden, Volda
Date 27. Jun 2024
Open from 19:00

Ein av Noregs fremste saksofonistar, Rolf-Erik Nystrøm og dansar Einy Åm Sparks skaper eit improvisatorisk kunstverk til Rotevatnet og Botnasanden denne kvelden, eit samspel mellom dei to og naturen sjølv, ei oppleving du kan få berre denne eine kvelden.

...

Ordinær billett
-
0
+
250,00 NOK
Rabattert billett
Ein rimlegare billett for den som treng det, vi spør ikkje om kvifor. Er du student, pensjonist eller berre har ein litt stram økonimi – kjøp denne billetten! Vi vil gjerne dele denne konserten med nettopp deg og håpar ikkje billettprisen skal stå i vegen for det.
See more
-
0
+
150,00 NOK