Stødt Bar & Scene
Organizer | Musikk i Sentrum |
---|---|
Venue | Stødt Bar & Scene |
Ivar Aasen-gata 18, Ørsta, Norge
|
|
Date | 13. Sep 2024 |
Show starts | 20:00 |
Tom Roger Aadland er ein av landets mest kritikarroste artistar og låtskrivarar dei siste åra. Han har gitt ut ti soloalbum, og er kjent som tekstforfattar for m.a. Hellbillies og Vamp, samt for sine gjendiktingar av Bob Dylan. Nå har han spelt inn ni nye låtar åleine med...
Tom Roger Aadland er ein av landets mest kritikarroste artistar og låtskrivarar dei siste åra. Han har gitt ut ti soloalbum, og er kjent som tekstforfattar for m.a. Hellbillies og Vamp, samt for sine gjendiktingar av Bob Dylan. Nå har han spelt inn ni nye låtar åleine med gitaren. Resultatet er albumet «Lysvandring», som kjem ut fredag den trettande september, og releasekonserten har han lagt til Ørsta.
«Lysvandring» er produsert av Kjetil Steensnæs, som også er den som hadde idéen til albumet. Steensnæs har spelt gitar på alle Aadlands utgjevingar sidan 2011, og fortel: «Kvar gong Tom Roger har sendt meg ei ny samling låtskisser, spelt inn med berre stemme og gitar, har det vore intense lytteopplevingar. Som regel opptrer han åleine, med eit fokusert og sterkt uttrykk. Eg trur publikummet hans vil setja pris på eit heilt album der dette uttrykket blir reindyrka».
Den førre plata til Aadland, «Skyer» (2023), hausta strålande kritikkar. «Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+. Ei rekke av songane hans har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Bob Dylan fylte åtti. Det Norske Teatret si framsyning «Vikla inn i blått», med Aadlands gjendiktingar, gjekk på hovudscenen i tre år.
Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Hausten 2024 feirar han tjue år som utøvar med ein landsomfattande turné, som altså startar i Ørsta.
musikkisentrum@gmail.com
-
Merchant legal name: MUSIKK I SENTRUM
VAT: 916943652