KULTURNATTT PRESENTERER : WOBBLER + Support
Me er så glade for å kunne ynskje Wobbler tilbake til Etne 🤩 Etter at dei akutt måtte avlysa konserten på årets kulturnatt veit me at mange var skuffa, så me vart svært glade når Wobbler ville koma tilbake, og det berre ein drøy månad frå no 🎉 Me er og glade for at Fugl Fønix Hotel vil stå som vertskap for denne konserten i samarbeid med oss 👍 Som om ikkje det var nok så har me invitert våre eminente lokale heltar i Sandy Masheenery til å spela tidlegare på kvelden, så dette blir ein ekte heilaften!
Dørene åpner 21.00
Sandy Masheenery 21.30
Wobbler 23.00
Velkomen!