Studenthuset Rokken
Organizer | STUDENTHUSET AS |
---|---|
Venue | Studenthuset Rokken |
Studenthuset Rokken
|
|
Date | 11. Oct 2024 |
Open from | 21:00 to 02:30 |
Synne Vo har vore lista på NRK P1 og P3, og blitt nominert som Årets nykommar (2021) og Årets artist (2022) på P3 Gull. I år er ho nominert til Årets opphavar - Populærmusikk og Årets gjennombrot - Populærmusikk på Musikkforleggerprisen 2022.
Gjennom...
Synne Vo har vore lista på NRK P1 og P3, og blitt nominert som Årets nykommar (2021) og Årets artist (2022) på P3 Gull. I år er ho nominert til Årets opphavar - Populærmusikk og Årets gjennombrot - Populærmusikk på Musikkforleggerprisen 2022.
Gjennom låtar som «Heime» og «Seksten» har ho tatt oss tilbake til bygda der ho vaks opp, blei forma, og der ho med sine eigne ord fekk lov til å vere ung og dum, og sjukt naiv. Og det er liten tvil om at Synne Vo, eller Vorkinn som ho eigentleg heiter, har truffe publikum med sine fengslande og nære poplåtar.
Som låtskrivar slo det verkeleg gjennom då ho var med på å skrive fjorårets mest spelte låt på radio; Chris Holstens «Smilet i ditt eget speil» (2021). Sangen vann Årets låt på Spellemann og P3 Gull, samt Årets verk - Populærmusikk og Årets mest spelte låt på Musikkforleggerprisen i 2022. I etterkant har ho blant anna skrive med Victoria Nadine, Alexandra Rotan, Peder Elias, og Hkeem på singelen «Danser videre i livet» (2022).
No er Synne Vo akkurat der ho vil vere, og seier at låtane hennar har gått frå å handle om å vere ungdom til å vere ung vaksen. Ho er nok ikkje heilt ferdig med oppvekst og bygda enda, men fortel at ho alltid kjem til å skrive så ærleg som mogleg om det som føregår i livet hennar - og det som fortset å påverke ho i kvardagen.
Vi gler oss til å ta imot ho for ein uforgløymeleg kveld på Rokken!
Dører: 21:00
Show: 23:00
Medlem: 300,-
Ikkje-medlem: 350,-
Ikkje medlem?
Kjøp medlemskap her: tikkio.com/tickets/48623-medle...
// ENGLISH //
Synne Vo has been featured on NRK P1 and P3, and was nominated for Newcomer of the Year (2021) and Artist of the Year (2022) at P3 Gull. This year, she’s nominated for Songwriter of the Year - Popular Music and Breakthrough of the Year - Popular Music at the 2022 Music Publisher's Award.
Through songs like "Heime" and "Seksten," she has taken us back to the village where she grew up, was shaped, and where, in her own words, she was allowed to be young and foolish, and incredibly naive. There is no doubt that Synne Vo, or Vorkinn as she is actually named, has struck a chord with her captivating and intimate pop songs.
As a songwriter, she really made an impact when she co-wrote last year's most played song on the radio; Chris Holsten's "Smilet i ditt eget speil" (2021). The song won Song of the Year at Spellemann and P3 Gull, as well as Work of the Year - Popular Music and Most Played Song of the Year at the 2022 Music Publisher's Award. Since then, she has written with Victoria Nadine, Alexandra Rotan, Peder Elias, and collaborated with Hkeem on the single "Danser videre i livet" (2022).
Now, Synne Vo is exactly where she wants to be, saying that her songs have evolved from being about youth to being about young adulthood. She’s not entirely done with her upbringing and the village yet, but she says she will always write as honestly as possible about what’s happening in her life—and what continues to influence her day-to-day.
We are excited to welcome her for an unforgettable evening at Rokken!
Doors: 21:00
Show: 23:00
Members: 300 NOK
Non-members: 350 NOK
Not a member?
Buy membership here: tikkio.com/tickets/48623-medle...
post@rokken.no
rokken.no
Merchant legal name: STUDENTHUSET AS
VAT: 988024295