Ramón er ein av dei største stjernene på den norske musikkhimmelen, noko han har vore sidan det store gjennombrotet med “ok jeg lover” i 2022. Låten sette norsk streamingrekord på dag éin, som resulterte i platinatrofé på under éin månad. Med si sjelfulle stemme og sterke formidlingsevne har han opparbeidd seg ein lojal fanbase. Dei ærlege og sårbare tekstane om kjærleik og sjølvrefleksjon har fått stor merksemd, og med seg i bagasjen har den 26 år gamle artisten prestisjefulle nominasjonar og prisar frå både Spellemann og P3 Gull. Ramón sin blanding av pop, R&B og latinamerikanske rytmar gjer han heilt unik på den norske musikkscena.
I starten av 2024 var Ramón å sjå på TV under sesong 14 av *Hver Gang Vi Møtes*, der han serverte sterke tolkingar kvar einaste veke. Hans versjon av Matoma sin ‘’wow’’ gjekk heile vegen til førsteplassen i Noreg. 8 tolkingar og over 13 millionar streams seinare nærmar vi oss siste kapittel i Ramón sitt komande prosjekt, nemleg *TORRES TIVOLI*. Dørene på tivoliet er allereie på gløtt, og lyttarane har fått ein forsmak med utgjevinga av låtane ‘’tivoli’’, ‘’marionett’’, ‘’oops!’’, ‘’henda i været’’ og “konfetti”.
TORRES TIVOLI er Ramón sin oppvekstroman. Frå første til siste låt tek han oss gjennom kjensler, tankar og opplevingar som har forma han til den han er i dag. Eit album han har hatt lyst til å skrive heile livet. Tekstar som ein gjerne sjølv skulle høyrt då ein vaks opp, saman med rytmar og produksjon som representerer Ramón.
Albumet TORRES TIVOLI vert sleppt 27. september, og med ei rekke nye låtar i repertoaret legg han ut på ein ny Noregsturné. Det heile startar med eit pang i eit utseld Oslo Spektrum 26. oktober, før han tek med seg heile besetninga på tur i Noreg og Danmark, og 29. november kjem han til Rokken!
Dører: 21:00
Show: 23:00
ID: 18+
BILLETTAR I SAL ONSDAG 4. SEPTEMBER @ 10:00
Medlem: 400,-
Ikkje-medlem: 450,-
Ikkje medlem?
Kjøp medlemskap her: tikkio.com/tickets/48623-medle...
// ENGLISH //
Ramón is one of the biggest stars in the Norwegian music scene, a status he has held since his major breakthrough with “ok jeg lover” in 2022. The song set a Norwegian streaming record on its first day, resulting in a platinum trophy in less than a month. With his soulful voice and powerful storytelling, he has built a loyal fanbase. His honest and vulnerable lyrics about love and self-reflection have gained widespread attention, and the 26-year-old artist has earned prestigious nominations and awards from both Spellemann and P3 Gull. Ramón’s blend of pop, R&B, and Latin American rhythms makes him truly unique on the Norwegian music scene.
At the start of 2024, Ramón appeared on TV during season 14 of *Hver Gang Vi Møtes*, where he delivered powerful interpretations every week. His version of Matoma's “wow” climbed all the way to the top spot in Norway. Eight interpretations and over 13 million streams later, we are approaching the final chapter in Ramón’s upcoming project, titled *TORRES TIVOLI*. The doors to the tivoli are already ajar, and listeners have gotten a taste with the release of tracks like “tivoli,” “marionett,” “oops!,” “henda i været,” and “konfetti.”
TORRES TIVOLI is Ramón’s coming-of-age story. From the first to the last track, he takes us through the emotions, thoughts, and experiences that have shaped him into who he is today. It’s an album he’s wanted to write his entire life. Songs that one would have loved to hear while growing up, combined with rhythms and production that represent Ramón.
The album TORRES TIVOLI will be released on September 27, and with a slew of new tracks in his repertoire, he’s heading out on a new Norway tour. It all kicks off with a bang at a sold-out Oslo Spektrum on October 26, before he takes the entire ensemble on a tour through Norway and Denmark, and on November 29, he’s coming to Rokken!
Doors: 21:00
Show: 23:00
ID: 18+
TICKETS ON SALE WEDNESDAY, SEPTEMBER 4 @ 10:00
Members: 400 NOK
Non-members: 450 NOK
Not a member?
Buy membership here: tikkio.com/tickets/48623-medle...