Sære og populære!
Med trekkspel, trommer, song og stepp og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre i meir enn tretti år strødd dei musikalske forundringspakkane sine over land og strand. Framleis er dei fulle av oppdagingslyst og speleglede. No har dei med seg ei like leikelysta kar, saksofonisten og improvisasjonsgeniet Rolf-Erik Nystrøm! Saman med han svingar Fliflet/Hamre råare enn nokon gong, og det vare og poetiske får nye, vakre fargar.
Gjer klar for Balkan, Ivar Aasen, glad galskap og pur poesi - og sjølvsagt litt styrkjande allsong!