BILLETTAR I SALG FRÅ KL. 11:00 LAURDAG 28.09.
Sist gong denne DUOen gjesta TIK var på Skjærtorsdag!
Sidan har mange lurt på om dei kjem tilbake......
Vi har gleda av å melde at det gjer dei!
Laurdag 30. november er booka, og begge er klare for å lage eit heidundrande liv på TIK!
Vicent er ein lidenskapleg saksofonspelar som er kjend for sin ekspertise innanfor sjangrane house, dance og elektronisk musikk. Han reiser rundt på ulike oppdrag både i Noreg og i utlandet og er kjend for å alltid levere god stemning og magisk saksofonimprovisasjon som gir nytt liv til musikk.
Mounir er eit kjend namnd på DJ-fronten, og han leverer alltid varene. I mai spelte dei saman på Toppturfestivalen på Svalbard og dei har allereie blitt booka for festivalen i 2025.
Saman er dei dynamitt!
Som sist gong, trur vi billettane vil bli rivne vekk raskt, så ver tidleg ute og sikre deg din billett!
Hald av denne dagen og bli med oss på TIK for ein magisk kveld med Vicent Bas Saxophone og DJ Mounir.
Billettar vil vere tilgjengelege snart, så hald augo opne for meir informasjon.
Dette er ein kveld du IKKJE vil gå glipp av!
VELKOMEN!
Artistane går på scena rundt kl. 23:00.
20 års aldersgrense