Broad Line er Volda/Ørsta-bandet som elskar 80-talet, og som har gjort det til sin livsmisjon å gje publikum autentiske versjonar av den beste 80-talsmusikken. Dei heldt opprinneleg på frå 1980 til 1986. Så vart det ei lang pause, før dei etterkvart sakna den gode musikken så sterkt at dei gjenoppstod i 2010 - betre enn nokon gong!
Fins det eit meir autentisk 80-talsband i Norge i dag? Kom og døm sjølv.
Mykje av musikken frå denne tida har stått seg veldig godt, og forklaringa er enkel: det er kvalitetsmusikk med gode melodiar og fengande refreng!
Broad Line plukkar ut dei største hitsa, men innimellom får du også låtar som du kanskje hadde gløymt at du digga. Reportoaret inneheld deilige, dansbare låtar frå Toto, Madonna, AC/DC, Bon Jovi, Bryan Adams, Tina Turner, Prince og mange fleire. Her får du herlige hits, nostalgi og fest og moro i lekker innpakning med ei stor, rosa sløyfe rundt! Med sju personar på scena formidlar Broad Line 80-talet med kjærleik, energi og speleglede, og vi lovar deg ein minneverdig kveld med den beste musikken frå dette legendariske tiåret.
Om Koie og Koie Lavvo:
Koie er lokalisert i Stranda sentrum, og tilbyr alt fra enkle til eksklusive hytter. På Koie har du også Koie Lavvo, Stranda's storstue. Koie Lavvo tilbyr en unik opplevelse med sin bar og uteservering. Her har du en nydelig fjordutsikt. Vi tilbyr et bredt spekter av arrangementer gjennom året. Les mer her: koiestay.no/arrangement