Me er inne i adventstida, og kva er vel betre enn å ta ein tur til Hakkebakkeskogen og gi seg over til eventyret. Eit eventyr som Thorbjørn Egner førte i penn i 1953, og som sidan er blitt eit av dei mest kjære eventyra me har. I Hakkebakkeskogen er flid og samarbeid dei store ideala. Her må ein skaffa mat, og her må ein samarbeida for å få det godt for alle i skogen.
Det er tredje gongen Sandeid Barne –og ungdomsteater set opp dette stykke, og det er like triveleg kvar gong.
Velkommen til oss og livet i Hakkebakkeskogen, 2024.