Den tradisjonelle og stemningsfulle julenattinéen med blandakoret Scala Brio har vore framført i Langevåg kyrkje i nesten 25 år, kun med opphald i pandemien 2020 og 2021.
I år er vår gjesteartist Britt Synnøve Johansen. Ho er frå Haugesund, bur i Stavanger, der ho er ein svært aktiv og populær sanger på alle scener. Ho er kjent for bl.anna Edith Piaf på norsk, Evert Taube på Norsk, Mørk Salong, Venners nærhet, musikalen Les Miserables mm. Ho har også kvart år eigne julekonserter «Swing Actually» i lag med Randi Tytingvåg.
Randi blir ikkje med til Langevåg, men det blir pianisten Idar Hauge.
Vår eigen Askjell Molvær trakterer også i år i alle fall orgelet.
Det blir «Ord for natta» med Lisbeth Båtnes Hareide.