I seglskutetida var grogg ein drikk blanda sukkervatn og rom som mannskapet fekk utdelt i daglege rasjonar. No for tida er Grogg ein kvartett som trivst god med musikk frå John Mayer, Marius Müller, spenstig dansbar funkrock og gamle perler fritt oversett frå til dømes dei norske banda Popul Ace og Saft. Bak trommene i Grogg finn vi Frode Sundnes, på vokal har vi Knut Eilefsen, Frank Utgård trakterer gitaren og på bass finn vi Martin Foldal. Med Grogg innabords vil det rykke i dansefoten, men du kan velje å berre hoppe opp og ned, synge med eller berre trampe takta. Det vert garantert god stemning på Tredet denne kvelden!