Røysta frå Ytre-Hovden
Med si djupe, særmerkte røyst og sjølvskrivne sterke låtar leverer Håvard Dalsbø mjuk americana og lun country som ingen andre her omkring.
Håvard har skrive og spelt inn ei rekke låtar i lag med bandet sitt. Desse finn du på strøymetenestene, gitt ut under namnet Dalsbø. Men på Huset denne kvelden får du oppleve Håvard aleine med gitaren, heilt tett på. Dette vert sårt, fint og ekte – og eit perfekt pusterom i førjulsstria.