Sunnmøre Oratoriekor saman med sine samarbeidspartnarar Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor inviterer til si tradisjonelle framføring av J.S. Bach sitt vel mest kjente storverk. Jublande tonar skal svinge seg mot taket i Volda kyrkje og ringe juletida inn som i åra før. «Ingen jul utan Juleoratorium.»
Solistane i år er vår lokale songstjerne Louise Engeseth (sopran), hennar tidlegare songlærar og solisten med den varme stemma Ragnhild Engeset (alt), den unge og lovande Magnus Fremstad (tenor) og den erfarne og verdskjente Magne Fremmerlid (bass).
Sunnmøre kammerensemble med sine lokalt og nasjonalt kjente musikarar er med. Anders Farstad er 1. trompetist i år.
Bert Handrick er kunstnarisk leiar og dirigent.
Verket fortel historien om Jesu fødsel. Sjølv om koret og solistane syng på tysk, kan du følgje med i programheftet det teksten er omsett til norsk og engelsk.
Billett: NOK 350,- (gratis for born under 16 år)
Vel møtt til årets finaste julekonsert.