Endelig er det snart klart for årets tradisjonelle Skalkefest igjen!
Teatergruppa har øvd inn fleire nummer og er klare for å lage show på scena!
I år er det musikkgruppa "Trubaduo" som vil underhalde oss etter teaterprogrammet. Trubaduo er ein duo frå Volda og Ørsta som speler god og variert musikk. Duoen består av Guro Håvik og Kjell Arne Dimmen, som har spelt i band ilag i over 20 år, og er kjent for å lage liv og røre der dei speler!
Vi gler oss til å arrangere nok ein Skalkefest på Åmdal Ungdomshus og håper det blir fullt hus som alltid. Vær rask med å sikre deg ein billett, dei bruka å gå unda!
Dørene opnar kl 20.00 og programmet tek til rundt 20.30. OBS! Møt i god tid til programmet startar.
Vi held open kiosk der det vil være mogleg å kjøpe mat og snacks, og det ligg også an til at ein kan teste hell og lykke med kjøp av lodd. I kiosken tek vi foreløpig kun kontant og vipps.
Kleskode: Pent antrekk.
Velkomne og vel møtt til Skalkefest 2024!