Fyr opp JuleTredet!
Trubadur Øystein Eckhoff har vore ein gjengangar på Tredet i ei årrekkje, og veit å få Voldapublikumet i godt humør og ut på golvet. Det går i kjende låtar, fjasing og skrøner og rungande allsong til du blir «heilt håse».
For fyrste gong lempar han høgtalarane inn på Tredet i romjula og skal ta tempen på gjengangarar, “attgløymde” studentar og heimvende juleferierande.
Gjer kål på kalkunen, fisken eller sauden, sei taktfullt farvel til attverande familie, tørk støvet av danseskoa, hiv på deg det uoppknytte slipset frå julaftan, og så sjåast vi for litt godt i glaset og diabetes type Tredet!
Når, sa du?
Tred-je juledag. (Sjølvsagt)
Vel møtt!
Aldersgrense 20 år