Dette blir kjempestas: Bjørn Tomren Trio kjem til Eidsdalsrøre!
Konserten startar kl 20.00, dørene opnar kl 19, med høve til å kjøpe forfriskningar.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Norge som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli folkeeige, og vart omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn følgde opp tv-suksessen med ein lang turne og utselde konserthus over heile landet, som kulminerte i 3 fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.
Artisten, låtskrivaren og komikaren fra Tomrefjorden er også kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.
Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk.
Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.
Han kan også sjå tilbake på kort ei karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det:
«Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme. Han kan også sykle på eitt hjul». Stjernekamp er ikkje den første konkurransen kor Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han på verdsmeisterskapet i strupesang i Tuva, og tok heim ein bronsehest.
Velkomen til Eidsdalsrøre og konsert med Bjørn og trioen hans torsdag 29.mai!