Publikum og presse jublar for comeback-showet til revyfigurane «Hildegunn & Leif-Per», gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Fredag 8. august kjem radarparet til Galleri Torsheim på Knutholmen i Kalvåg!
Det var i NRK radio at dei to figurane såg dagens lys heilt tilbake i 1997. Radiosketsjane vart fort til eit heilaftans show, og meir enn 170.000 løyste billett til showa med det eksentriske radarparet frå Sunnmøre mellom 1998 - 2010. No er dei endeleg tilbake med eit heilaftans show - heilt UTAN hjelp frå Kringkastingsorkestret.
Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna:
«Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer.»
«Dette gir puls!»
Gled deg til eit heilsprøtt show som ikkje liknar så mykje anna i den norske underhaldningsbransjen!
Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg
Regi: Karina Aase
Showstart kl. 20.30
Varigheit: 1 time og 20 min. (ikkje pause)
18 års aldersgrense