Første Samtidsmusikkpub i det nye året er en konsert som har stått på ønskelista vår siden konsertseriens aller første dager. Helga Myhrs Andsyning, opprinnelig et tingingsverk til Osafestivalen, låter ikke som noe annet. Hjertelig velkomne på konsert søndag 12. januar, og få med dere fantasifull og horisont-flyttende musikk!
Konsertstart kl 20, Hærverk åpner kl 18.
Malin Alander: vokal // Rasmus Kjorstad: fele, oktavfele, langeleik og munnharpe // Michaela Antalová: perkusjon og seljefløyte // Adrian Fiskum Myhr: kontrabass // Helga Myhr: hardingfeler og vokal
Billetter: 150 // 100 for studenter og andre med dårlig råd
ANDSYNING
Slåttespelet inneheld uendelege moglegheiter. Musikken ber preg av mange «lag» beståande av til dømes strøk, melodi, rytme, ornament og tonalitet, som ein kan variere over og som stadig nye generasjonar har foredla. Det er desse laga Helga Myhr har plukka frå når musikken skulle skapast, og det er slåttespelet frå Hallingdal ho her har tatt utgangspunkt i. For den som kjenner slåttemusikken godt, kan ein kanskje høyre kva for låttar eller «lag» Myhr har nytta, medan andre gonger er dette meir subtilt. Tre av låtane inneheldt dikt av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål i Hallingdal. Lappegard var ein folkekjær diktar som fekk stor merksemd for diktsamlinga «Noko vil alltid lysa» (fyrste gong utgitt i 1988).
Ordet Andsyning kan ein finne i boka «Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres» (Boksmia, 2002). Ei bok med Ivar Aasen sine samlingar av ord og uttrykk under reiser til Hallingdal og Valdres frå 1845 og framover. Ordet er samansett av «and», som betyr i mot eller motsatt, og «syning» som kan bety horisont, å vise fram eller forekomst av noko som viser seg. Altså å sjå eller vise noko frå motsatt horisont.
Musikkskribent Rasmus Steffensen beskriv musikken på denne måten:
For hvad er den modsatte horisont? Og hvem er det, der betragter? Er det et moderne musikalsk blik, der fra en afstand kigger ind i fortidens landskab og i kraft af denne forskydning har mulighed for at afdække overraskende perspektiver? Eller er det folkemusikeren, rodfæstet i sit eget personlige landskab, som fra dette ståsted skuer ud mod det fjerne, det nye og det ukendte, og som via sit ståsted finder kraft og mod til at udforske det? Når man lytter til Andsyning, fornemmer man, at begge dele er sandt. Og selv er man jo som lytter en betragter, der måske befinder sig fjernt fra det landskab, som Myhr indkredser, men som via pladen alligevel bliver beriget af at skue ind i det. Således favner Helga Myhr på endnu et imponerende og personligt værk folkemusikkens dobbelte natur af rodfæstelse i det nære og længsel efter den anden horisont.
(Rasmus Steffensen, Dagbladet Information, 20.12.22)
Verket var opprinneleg skrive som eit tingingsverk til Osafestivalen i 2020. Med seg har Helga Myhr ein gjeng med svært dyktige musikarar:
Malin Alander: vokal
Rasmus Kjorstad: fele, oktavfele, langeleik og munnharpe
Michaela Antalová: perkusjon og seljefløyte
Adrian Fiskum Myhr: kontrabass
Helga Myhr: hardingfeler og vokal