LEAH er eit jazzpopband beståande av seks unge og dyktige musikarar
med base i Oslo. Med kryssing mellom jazz, pop og soul, er musikken
leiken og dansbar med fengjande hooks og med ein energi som fort kan både gi nakkesleng og hofteprolaps, uansett aldersgruppe.
LEAH LEVERER ei HERLEG blanding av retro pop, funky Jazz og EKTEFØLTE tekstar som
både får deg til Å le, gråte og danse. Med leikne låtar, ei sjarmerande og kraftfull blåserekkje og gitarsoloar som går rett i hjartet, skaper dei ei stemning som er umogleg å motstå.
Med debutalbumet sitt “Zzz” har jazzpopbandet LEAH allereie rokke å plassera seg på kartet over unge, lovande. Omtalt som “dei beste nye banda i landet” av Jazz i Noreg, og med lovord frå Dagens Næringsliv og andre toneangivande media er LEAH klar til å innta dei store scenane.
Leah Engevold - vokal, keys og låtskriver
Kristina Fransson - trompet og vokal
Emil Bø - trombone
Halvor Dokke - trommer
Tevje Fjugstad Flaate - gitar
Henrik Bakka - bass