Bli med og syng ein song for det som ein gong var. Onsdag 22. januar vier vi visekvelden til Hartvig Kiran sine tekstar.
Ålesundaren Hartvig Kiran vert rekna som ein av dei fremste gjendiktarane vi har hatt i Noreg. Han omsette mellom anna musikalane West Side Story, Spelemann på taket og Evert Taube sine viser. I tillegg skreiv han eigne viser mellom anna om Ola Skutvik og Mariann. Kiran var del av den norske visebølgja som vaks fram frå slutten av 1960-åra, og var med i gruppa Visens Venner.
Populærmusikkhistorikar Arild Torvund Olsen kjem og sett nytt lys på kor viktig Hartvig Kiran har vore for populærmusikk og visesong på norsk.
Artistar for kvelden: Karoline Isaksen, Kornelia Melsæter, Mathias Tvedten og Astrid Overaa. Musikk ved husbandet og kappelmeister Hallvard Fremstad.
Konserten er eit samarbeid mellom Ålesund viseklubb og Borgund mållag.