Burns Night på Nesodden! Ein verdsomspennande tradisjon er det å feire diktaren sin bursdag med dikt, mat og song (og whisky - det kan de jo ta etterpå 😉) Bandet Reitir kjem til Nesodden kirke med denne tradisjonen 25. januar 2025. Konserten er eit samarbeid med Kantorissimo Nesodden.
Etter konserten blir det mogleg å få torettars skotskinspirert meny på Frua Spiseri (mat ikkje inkl. i konsertbilletten). Der er det åpen mikrofon for diktlesing og allsong mellom rettane. Som er tradisjonen på Burns Night. Reitir opnar gildet med feleslått og dikt. Det går buss-shuttle frå kyrkja til Spiseriet. På Frua treng ein ikkje billett, men book gjerne bord med sms til 90132358.
Reitir er to røynde kvedarar frå djupaste Telemark, saman med ein av samtidas beste skotske felespelarar, kan det bli betre? Ja, med virtuose gitarist Juhani Silvola, og allsidige Morten Kvam på kontrabass. Det blir nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar, og alt på klingande vest-telemål.
Bandet Reitir, med Aasmund Nordstoga, Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i front, spelar og syng skotske folketoner med tekstar av den skotske nasjonaldikteren Robert Burns.
På denne konserten blandas nye arrangement av folkekjære melodiar som Auld Lang Syne og A Red Red Rose blandes med skotske fartsfylte dansesullar til livligere dikt som Rigs o’ Barley og Weary fa’ you Duncan Gray. De får også høyre ein norsk versjon av langdiktet "Tam O' Shanter", som fortel om ein skrekkfylt, dog også humoristisk tur heim frå puben ei litt for sein natt.
Med inspirasjon frå kveding og rota i Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.
Reitir oppstod og gjorde sin første turne i 2020-2021, publikum tok det imot med så mykje åtgaum at dei krevde ei plate.
"ei magisk konsertoppleving" Magne Brekke, Lyngheimtunet.
Plata kom ut hausten 2024 og har fått veldig god tilbakemeldingar både i Noreg og i Storbritannia: «Fe Alt Som Eingong Va is a brilliant idea and a beautiful album that will sweep you along with the obvious enjoyment of the performers.»
Les meir her:
reitirmusic.com/reviews
Musikarar:
Aasmund Nordstoga (vokal)
Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal)
Sarah Jane Summers (fele/kor)
Juhani SIlvola (gitar)
Morten Kvam (kontrabass/kor)
Sal av CD i etter konserten!
Konserten er støtta av FFUK og Norsk Kulturråd