Velkomen til sesongstart for folkemusikkserien Jakupscena i Lom og Skjåk i 2025!
Fyrste konsert ut i år er med folkemusikkduoen Røynstrand & Thorud - med hardingfele og trekkspel i Liarende. Vi får også oppleve Erik Grøna på trekkspel.
Tid: Onsdag 29. januar kl. 19:30.
Stad: Lidarende grendahus, Lom.
Artist: Alexander Røynstrand (hardingfele) & Geir Marius Thorud (trekkspel/torader).
Ungdomsartist: Erik Grøna (trekkspel).
Billettar 200,-/100,-/0,- kjøpast via Tikkio eller i døra.
Alexander Røynstrand (f. 1990) er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele. Han har vunne både Landskappleiken og Landsfestivalen, og sjarmert publikum både i inn- og utland i ei årrekke. Oppvaksen i spelemannsmiljøet i Hardanger har han tileigna seg solid tradisjonsmusikk, både slåttespel og runddansmusikk, av læremeisteren Knut Hamre ofl.
Geir Thorud (f. 1985) er frå Sel og har markert seg som ein av dei fremste spelemennene i Gudbrandsdalen, og han trakterer både trekkspel, toradar og kontrabass. Han er medlem i fleire av landets fremste gamaldansgrupper, slik som Jutullaget, Syvers og Gamlebanken.
Desse to karane byr på god musikk, men også godt humør. Dei som møter opp i grendahuset i Li’n denne onsdagskvelden, vil garantert få med seg nokre saftige anekdotar og ei god dose tullprat i tillegg.
Sjå Alexander og Geir i samspel i denne minidokumentaren på NRK: tv.nrk.no/serie/nrk-scenen/ses...
Framtidige arrangement hjå Jakupscena:
8. mars: Familiearrangement på Solfestival i Skjåk
8. mai: Alumni (Vegar Vårdal, Bjørn Kåre Odde, Sivert Holmen, Ingrid Fossum, Sigrid Stubsveen)
jakupscena.no / facebook.com/jakupscena / jakupscena@gmail.com