0
Image for MUSIKALSK FJELLSMAK – ein kulturkveld hjå Arne Brimi

MUSIKALSK FJELLSMAK – ein kulturkveld hjå Arne Brimi

https://fb.me/e/2SDApGSSB
Arrangør MELOVITTEN AS
Sted Vianvang, Krosstjønnvegen 40, 2683 Tessanden
Vianvang, Krosstjønnvegen, Tessanden, Norge
Dato 27. mar 2025
Arrangement start 18:00
Musikalsk fjellsmak
Musikalsk fjellsmak inneheld mat, musikk og filmvisning. Drikke kjem utanom billettprisen. Pris inkl. billettavgift.
-
0
+
2 000,00 NOK     
Annonseinnhold
MUSIKALSK FJELLSMAK – ein kulturkveld hjå Arne Brimi 
Torsdag 27. mars kl. 18, Vianvang i Vågå
Arrangør: Visit Jotunheimen og Frys Film i samarbeid med Arne Brimi og Melovitten
--
For fyrste gong i fjellets historie, serverer vi ein musikalsk fjellsmak!
Du er invitert til ein filmatisk, musikalsk og kulinarisk aften på Vianvang i regi av Arne Brimi, Visit Jotunheimen, Frys Film og Melovitten.
Dette skal vere ein festaften i Nord-Gudbransdalens ånd - kor vi feirar fjellkulturen med musikk, levande bilde og unike smakar frå fjellet. Vi vonar du vil vere med oss!

Ingrediens 1: Mat | Arne Brimi serverer smakar frå fjellet både ute og inne. Det blir servert hovudrett og dessert i hovudhuset.

Ingrediens 2: Konsert | Bjørn Kåre Odde med ensemble framfører ein konsert som tek for seg relasjonen mellom den arkaiske slåttemusikken og den rike matkulturen i Ottadalen.

Ingrediens 3: Filmframsyning | "Fjellsmaken" frå vinterslakt av rein og fisking av fjellaure på Sognefjellet, som er utgangspunkt for menyen som gjestane får servert.

Mat og musikk: Musikk blir framført av trioen som speler gjennom heile kvelden. Bjørn Kåre Odde har med seg Marius Westling frå Hamar på bratsj, og Carmen Bóveda på cello. 

Det har alltid vore slik at spelmenn i Ottadalen har latt seg inspirere av fjella rundt. Det er liten tvil om at musikk har hatt stor plass i seterdrift. På den måten kan ein seie at slåttemusikk og matkultur går hand i hand.

I konseptet Musikalsk fjellsmak slår vi saman film, mat og musikk. Felespelar og komponist Bjørn Kåre Odde frå Vågå skreddarsy eit konsertprogram som tar for seg nettopp relasjonen mellom den arkaiske slåttemusikken og den rike matkulturen i Ottadalen. Det er tradisjonelle springleikar, hallingar og lyarslåttar i både sine opprinnelege solistiske former, men og i meir kunstmusikalske drakter kor Odde har arrangert melodiane for stryketrio (fele, bratsj og cello).

Denne kontrasten finn ein og i mattradisjonen, kor tradisjonelt handverk går hand i hand med moderne matlaging som har kome utanifrå. Under dei musikalske innslaga, som vil skje mellom dei tre rettane, vil det i bakgrunnen vere filmbilete frå Jotunheimen som har vore vist i dei dokumentariske episodane «Fjellsmaken». Musikklengd og det musikalske uttrykket må difor vera nøye planlagt av Odde.

Velkomen til ein musikalsk og kulinarisk festaften!

Fjellhelsing frå Mari i Visit Jotunheimen & Kaja og Dennis i Frys Film - i tett samarbeid med "hovudingrediensane": Kokk Arne Brimi og Melovitten v/Bjørn Kåre Odde med ensemble.

Foto: Frys Film
Lenker til artist

Foretaksnavn: MELOVITTEN AS

MVA: 927809656