Your cart is empty

tonehimmel-festivalen 2025

Doors open at 12:00 (25.06.2025)

tonehimmel-festivalen 2025

Festivalpass tonehimmel 2025

Festivalpasset gir deg dei billegaste billetane til festivalen. Med dette passet kan du kjøpe billettar til alle arrangementa våre for kr 5,-.Festivalpasset er eit armband og kan hentast på festivalkontoret (Gamlegymnaset, Engesetvegen 30) eller ved inngangen til kvar enkelt konsert.

1 053,00 NOK
Organizer
Tonehimmel
Start time 25.06.2025 12:00
End time 29.06.2025 23:55
Location
Volda
tonehimmel er ein festival for kunst av levande menneske, ei veke der vi i samspel med landskapet og lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre skapar og opplever lyd og kjensler som spring ut av vår eiga tid. Vi håpar du vil vere med oss og leike, lytte og kjenne, om du er baby, barn, ungdom eller vaksen. Bli med på tur, konsert og oppdagingsferd i Voldaskogen, til Ekkodalen, i Klangfabrikken på Vartdal, på Folkestad, ved Rotevatnet og mange andre stader.

Detaljar om programmet finn du på heimesida vår: www.tonehimmel.com.

Til årets festival kjem mellom anna:
Tøyen fil og klafferi, Helge Iberg, Ruth Wilhelmine Meyer, Tanja Orning, Marianne Reidarsdatter Eriksen, Kishore Gaiendra, Lars Ove Fossheim, Solveig Styve Holte, Sofia Jernberg, YKS Ung, Song Circus, Liv Runesdatter, Liv Kristin Holmberg, Ingrid Vik Henriksen, Klaus Holm, Hildegunn Hovde, Cecilie Hole, Magnhild og Runar Tafjord og vår eigen Magnar Åm.

Festivalpasset kostar kr 1053,-. Festivalpasset gir deg dei billegaste billetane til festivalen. Med dette passet kan du kjøpe billettar til alle arrangementa våre for kr 5,-.

Vi møtest på tonehimmel 25.-29. juni 2025!

PS: Alle under 20 år går GRATIS inn på alle arrangementa våre.
Merchant legal name Tonehimmel
VAT 927674335
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.