Konsertarenaen og sal av mat/drikke opnar kl. 18.00.
Konserten startar kl. 20.00.
Merk at dette er eit utearrangement så klede etter været er å anbefale.
Foreningen for By og Bygd speler småskeiv country på nynorsk. Dei synest teksten er halve poenget og songane handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyre bil rundt på vestlandet. Bandet har masse erfaring med begge deler.
Vokalist Jens Kihl (som til dagleg er kulturredaktør i Bergens Tidende), Hardanger sin eigen Lars Korff Lofthus (kontrabass) og dei rare vennene deira gler seg til å lage lun, morosam og ettertenksam stemning på skrivargarden.
Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då det var forbode å vere skeiv og Det norske forbundet av 1948 måtte ha eit dekknamn for å leige lokale til fest og samkoma. Namnet var meint å vekke minst mogleg oppsikt. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dei siste åra har bandet turnert opp og ned langs vestlandskysten og i år kjem bandet med sitt fyrste album
Bandet er samansett av Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og gitar), Endre Aasebø (el. Gitar), May Frida Bosch (trommer) og Lars Korff Lofthus (kontrabass)."
Foretaksnavn: Skrivarens Venelag
MVA: 913043758