Volda ungdomsråd, Studentsamfunnet i Volda og Rokken, har i samarbeid med Sparebanken Møre gleda av å invitere alle ungdommar i alderen 13 til 18 år til ei uforgløymeleg gratis konsertoppleving. Artistane Tyr og Anakin Justin kjem til Volda og vil stå på scena for å gje ungdomane ein fantastisk kveld.
Rappfenomenet Tyr har på kort tid vorte kjend for det lyriske talentet sitt og den unike tilnærminga si til hip-hop. På berre tre år har han gått frå å laga musikk på sofaen til kompisar til no å fanga merksemda til eit breitt publikum.
I løpet av fjoråret sleppte Tyr det kritikarroste debutalbumet «Bedøvelse Gjør Meister» med mellom anna Arif og Stig Brenner som gjestar, var på den første noregsturneen sin passeleg kalla «Tyrs Vals» som kulminerte i eit utselt og kokande Rockefeller, varma opp på Stig Brenners turné, sleppte EP-en «4 The Summer» med mellom anna «Players» med stjerneskotet Ari Bajgora, spelte pả VG-Lista, Høllafest og Findings, og dessutan var med Tungtvann og KORK i Operaen.
23-åringen krona det spennande fjoråret med P3-gull nominasjon i kategorien «Artist i år», og avslutta prisutdelinga med ein opptreden som styrkjer posisjonen hans som ein av Noregs mest spennande artistar.
I 2025 slepper han TyrTape 2, oppfølgjaren til debutmixtapen som kom i 2022. Med mykje inspirasjon teke frå rappmusikken til tidleg 2000tall kan Tyr fortelja at det nye prosjektet er eit kjærleiksbrev til hip-hopen han elskar.
Med bangere som «2 Trekk» og «Put ’Em Up» som dei første singela lovar det godt for sjølve teipen, og ikkje minst liveshowet som kjem med.
Put ’Em Up for Tyr!
Årest Urørt i 2024, Anakin Justin, er av dei aller fleste rekna som det mest spennande namnet til å komma ut av Trondheims rappscene dei siste åra. Som både låtskrivar og produsent, gjer 20-åringen det umoglege mogleg; Han får trøndersk til å høyrast sexy ut. Med fleire listingar på P3, læt med artistar som Tyr og gode meldingar i hopetal, har Anakin på kort tid markert seg som ein svært spennande og unik skikkelse i Noregs hiphop-landskap.
Kulturavisa NATT&DAG om Anakin Justin under by:Larm: - Sjølv om me føresåg at dette ville vera ei sak å følgja med på, vart me slått i bakken.
Terningkast 5 i Adresseavisen:
adressa.no/kultur/i/kwx8z6/rap...
- “Det er sjeldan dei større Byscenen-konsertane på Trondheim Calling skaper så mykje engasjement som dette.”
5 av 6 stjerner i Gaffa.no:
gaffa.no/anmeldelser/2025/febr...
- “Dette lovar jævla godt for tida framover for Anakin. Eg er ikkje den første som seier det, og eg kjem nok ikkje til å bli den siste, men: følg med på
denne trøndern!”
Doors: 18.00
Showstart: 20.00
ID: 13-18
Foretaksnavn: STUDENTHUSET AS
MVA: 988024295