Dette arrangementet krever en brukerkonto.
8. mars er dagen for å hylle kvinnene som har kjempa for rettar som å gå i bukse, stemme, gå på jobb og kjøpe sin eigen heim. Dei som har vist at om vi vil - så kan vi og!
Sjølv om vi har kome langt, er det viktig å markere dagen. Spesielt med aukande uro og tilbakesteg for kvinners rettigheiter globalt.
I Sunnfjord bognar det av inspirerande kvinner - og vi vil hylle dykk!
Laurdag 8. mars inviterer vi til Damer, dans & diskusjon på Elvesus. Det blir ein heilaftan med feiring og kvinnekamp i fokus. Vi har eit fullspekka program av kvinner, med kvinner for ALLE!
Dørene opnar 18:30 og programstart er 19:00. Du kan sjå fram til:
Dørene opnar 18:30 og programstart er 19:00. Du kan sjå fram til:
- Peptalk til kvinner v/ Jenny Følling
- Sofaprat om å tørre å engasjere seg v/ Johanne Viken Sandnes
- Nydeleg livemusikk av Olivia Husabø
- Livepodcast med Fødselspodden, Tuva Fellman og gjest Linda Stuhaug
- “GIRLPOWER” av Anniken Lauritzen
- DJ Lovise spelar opp til “DD” - diskusjon og dans!
I sofapraten møter du stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam, journalist Synne Muren Olsen, interiørinfluenser Caroline Helle og lokalpolitiker Emma Berge Ness. Alle desse damene tør å engasjere seg i samfunnet rundt seg, og vi har mykje å lære av dei!
Ofte stilte spørsmål:
- Eg er 44 år og har veldig lyst å komme - kan eg det?
JA! Vi vil markere alle kvinner og alle er hjarteleg velkomne. Menn også!
- Eg har ingen å reise med - tør eg å komme åleine?
JA! Kvinnedagen skal vere ei inkluderande feiring, og det blir god tid til mingling undervegs i programmet. Er du framleis litt usikker, så vil det også vere U40 ressursar klare til å ta deg godt i mot!
Foretaksnavn: Elvesus AS
MVA: 926580930