Lørdag 5/4 blir det konsert på låven til Fauskegarden med Egil Olsen.
Det blir bar fra kl18.00 og konsertstart kl 19.30.
Åpen bar frem til kl 01.00
Egil Olsen har turnért og gitt ut plater sidan starten av 2000-talet, og slapp nyleg albumet 'big babies' og det tilhøyrande livealbumet ‘live & kickin’. «Rareste og fineste om å leve i vanskelige tider» skriv VG, som også omtalar Egil Olsen som «Noe av det fineste og mest underfundige vi har» og som «en av landets morsomste liveartister».
«Det største verket han har levert fra seg - det låter som en million dollar!"
- Big Dipper
No er han aktuell med heilt nytt album! 'Direct Sunlight and Heat' er allereie tilgjengelig på fysisk format på egilolsen.com, men songane sleppast enkeltvis som singlar på internett. Ei lystigare plate med både humor og alvor, pakka i eit kreativt og leikent lydbilde.
Med sine melankolske og finurlege viser, og sin underfundige humor og unike kontakt med publikum, har Egil Olsen etablert seg som ein annerledes og eineståande liveartist. Han har spelt konsertar i både Japan, Kina, USA og Tyskland, og stått på dei minste og største scenene og festivalane her i Noreg.
«En av landets aller beste låtskrivere»
- Dagens Næringsliv
Egil Olsen har også laga musikk til både film, tv og dataspel. Han hadde nyleg to songar i Netflix-serien 'First Love' og bidrog med rulletekstlåten til den nye norske animasjonsfilmen 'Titina'. I dataspelet 'Dreamfall' har han fleire songar, og dukkar til og med opp som animert 3d-figur med eigen konsert inne i spelet. I tillegg, lagar han sine eigne, ofte animerte, musikkvideoar og platecover, og har hatt sjølvbiografiske teikneseriestriper i Dagbladet om "livet som relativt ukjent superstjerne". Det fins til og med ei Egil Olsen-tributeplate, med norske artistar som tolkar songane hans.
open.spotify.com/search/egil%2...
egilolsen.com
Foretaksnavn: Bygdafestival
MVA: 926413880