John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger.
Med utgangspunkt i ei, for oss, merkverdig rettssak frå Hardanger i 1670-åra vil Myking diskutera æresomgrepet i det gamle samfunnet og det mentale universet som hardingar og andre nordmenn levde innanfor på 1600 – og 1700 – talet. Dette var ei tid der æra var avgjerande for om folk kunne reknast som pålitelege og truverdige medlemer av bygdesamfunna dei levde i. Men også usynlege krefter påverka livet deira. Folk levde innanfor eit magisk – religiøst univers, der både overnaturlege krefter og livet etter døden var handfaste realitetar. Magi kunne både lækja og skada. Og skulle ein sikra det neste livet, måtte ein vandra på den smale stien som den protestantiske kyrkja meisla ut for dei.
Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.
Foretaksnavn: Skrivarens Venelag
MVA: 913043758