0
Image for Omvegar fører også heim

Omvegar fører også heim

https://www.hesthamar-skrivargard.no/
Arrangør Skrivarens Venelag
Sted Hesthamar skrivargard
Dato 9. nov 2025
Dørene åpner 17:00
Fortida er ei framand verd - om ære og tenkjemåte i tidleg moderne tid.
Dørene opnar kl. 16.00, og arrangementet startar kl. 17.00. Det vert open kafe.
-
0
+
270,00 NOK     
Annonseinnhold
Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det vert ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda.

Forfattaren lagar seg eit sett med reglar på turen, mellom anna at han skal snakka med alle han møter, og ikkje vera redd for omvegar. Dei fører også heim. Denne søndagen i november kjem Hallgeir til Skrivargarden på Hesthamar. Med seg i sekken har han også den nye boka si «Nabovarsel», om kvifor svenskane er så svenske og andre historier om våre nordiske naboar. Hallgeir Opedal (1965) byrja som journalist i Hardanger Folkeblad i 1986, og har arbeidd for ei rekke ulike mediehus. Han skreiv for Dagbladet i 19 år, der han merkte seg særleg ut for portrettintervjua sine.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Foretaksnavn: Skrivarens Venelag

MVA: 913043758