I vinterlys - julekonsert med Vokal Vivo og Ellen Andrea Wang

Vålerenga kirke
11. December 2018
Doors open at 19:00
Doors closes at 21:00
Event starts at 19:30
http://www.vokalvivo.com
Ticket name Choose amount
Ungdom/student 160 NOK
-
0
+
Vaksen 200 NOK
-
0
+

For tredje år på rad inviterer damekoret Vokal Vivo til julekonsert i Vålerenga kyrkje, denne gongen i samarbeid med Ellen Andrea Wang. Med vakre, kjende og ukjende songar på programmet lover vi julestemning og ein av dei vakraste konsertane i adventstida.

Bassist, songar og komponist Ellen Andrea Wang har utmerka seg som ein oppfinnsam og kreativ artist, som blandar sjangrar på ein ny og eineståande måte. Musikken hennat er ein smakfull blanding med element frå jazz og pop. Ho balanserer det lyriske med det rå, det akustiske med det elektriske og skaper slik ein unik, urban lyd med ein elles tradisjonell samansetning: bass, vokal, trommer og piano.

Wang er også grunnleggaren av det kritikerroste indiejazz-bandet Pixel, som har oppnådd stor nasjonal og internasjonal suksess. Dei siste to åra har Wang i tillegg vore på turné med Manu Katché band og Marilyn Mazur Shamania, og ho spelte med Sting i 2016.

Wang har mottatt fleire prisar, sist Musikerprisen på Kongsberg Jazzfestival i 2015. Denne prisen blir delt ut til ein musikar som har ein leiande plass på den norske jazzscenen.


Velkomne!

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve