Din handlevogn er tom

Klassisk Jul – julefavorittar med tradisjonar

Dørene åpner kl 17:30

Klassisk Jul  – julefavorittar med tradisjonar
Arrangør
Spjelkavik sokn
Dørene åpner 14.12.2026 17:30
Programstart 19:00
Sted
Spjelkavik kyrkje Vestmoa 20, 6018 Ålesund, Norway

Velkomen til ein stemningsfull adventskonsert i Spjelkavik kyrkje med tenor Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal.

Seks år etter den siste julekonserten sin på heimebane vender dei tilbake til Sunnmøre med nokre av dei vakraste julemelodiane. På programmet står mellom anna Schuberts Ave Maria, utdrag frå Händels Messias, kjende julesalmar og andre klassiske julefavorittar. Og sjølvsagt: O, helga natt.

Bror Magnus og Olav har begeistra heimepublikummet ved tidlegare konsertar og gler seg til å dele musikken og adventstida med publikum igjen. I Spjelkavik får dei òg følgje av Ola Eide på orgel i utvalde fellesnummer. Samspelet mellom song, klaver og kyrkjeorgelet gir konserten ein ekstra klangleg dimensjon.

Konserten vert framført akustisk og lèt den naturlege klangen frå røysta og instrumenta fylle kyrkjerommet.

Unn deg ein førjulskveld med vakker song og levande musikk, eller inviter med nokon du vil dele opplevinga med.

Foretaksnavn Spjelkavik sokn
MVA 976996925

Et servicegebyr på 15 kr per billett legges til ved utsjekk (maks 30 kr per bestilling).