Din handlevogn er tom

BROAD LINE 17.MAI 2025 // STØDT BAR & SCENE

Dørene åpner kl 19:00 (17.05.2025)

BROAD LINE  17.MAI 2025  //  STØDT BAR & SCENE

BROAD LINE - 17.MAI 2025

ID: 20+

323,00 NOK
Arrangør
Musikk i Sentrum
Programstart 18:00
Sted
Stødt Bar & Scene
STØDT OG BROAD LINE FEIRAR 17.MAI !

I 1978 starta Broad Line opp ei musikalsk reise som for alle som var med har vart i over 35 år. Reportaret besto i byrjinga av 4 låtar som sjeldan har vore meir... innøvde av band verken før eller seinare. Med heimelaga lys og stort pågangsmot vart Broad Line etter kvart eit velrenommert band, og hadde ein dei på plakaten var lag og organisasjonar garanterte gode inntekter som arrangørar. Ut over 80-talet fylde Broad Line alle lokale dei spelde i. Fulle forsamlingshus og bygdedansar, , speling i Oslo og andre store byar. Tider som var, og som aldri kjem att.

Så i 1986 var det slutt. Medlemmene forsvann i kvar si retning, ungdomstida var over og for dei fleste tok andre ting over kvardagen og livet i heilskap. Men alle fortsette å spele, og har gjort det i dei åra som har gått sidan. Musikken prega og merkte medlemmene positivt for livet.

Utgangspunktet var å ha det gøy i lag og spele bra musikk, og når vi tok opp att tråden i 2010 var det framleis spelegleda som stod i fokus. Vi vil ikkje være noko ”reunionband” - vi skal spele musikk på same måte som på 80-talet, skape stemning og få publikum til å være med på leiken. Og når vi no med over 30 års erfaring igjen står på scena i lag, er vi i stand til å lage meir show, meir liv og røre og større musikalske opplevingar enn nokon gong. Utan at det skal være ”80-tals”-party, musikken er for oss tidlaus, og står seg like bra i dag som då. Songar av Bryan Adams, Nik Kershaw, The Police, Toto, Huey Lewis, Whitesnake, Peter Gabriel m. fl. er på lista. Ikkje nødvendigvis berre dei største hitane, men kvalitetsmusikk som ALLE som t. d. høyrer Radio Norge eller P8 Pop møter på minst ein gong for dag. Broad Line har no sidan 2010 spelt for utseld hus på Rokken i Volda kvar romjul. Vi gledar oss like mykje til kvar gong, og håpar publikum vil fortsetje å kome slik at vi kan halde fram i mange år til.


Konsertstart PRESIS KL. 22:00
ID: 20+
Foretaksnavn MUSIKK I SENTRUM
MVA 916943652
Tilpass din opplevelse Vi bruker din plassering for å vise deg events nær deg. Du kan endre plasseringen din når som helst.
Vi deler ikke din plassering med noen. Din plassering brukes kun til å vise deg events nær deg.