Your cart is empty

Hand drawn sound  for the oscilloscope

Doors open at 20:30

Hand drawn sound   for the oscilloscope

voksen

375,00 NOK

Konsertbillett for deltkere på frivillig-møtet

270,00 NOK

student

270,00 NOK
Organizer
Tonehimmel
Start time 25.04.2025 20:30
Location
Gamlegymnaset i Volda
Korleis høyrast handteikna lyd ut? Her presenterer vi ein heilt ny måte å skape musikk, der lyden genererast frå enkle strekteikningar. Prosjektet er skapt av animatør og komponist Trygve Selnes Nilsen.

Trygve Nielsen: animasjon/synth
Eilif Hensvold: gitar og vokal
Tuva Synnevåg: Animasjon

Frå tidleg femtital har det blitt laga elektronisk kunst ved å sende lydbølger til eit oscilloskop og ta bilete av figurane som oppstår på skjermen. Det siste tiåret har det blitt laga programvare som snur denne prosessen - der ein med oscilloskopens logikk tar omrisset av visuelle 3d modellar og gjer dei om til lydbølger.

I prosjektet handteikna lyd har kunstnerne laga handteikna animasjonar og brukt same teknologi til å gjere linjene får desse om til lyd. Intensjonen har vore å høyre kva type lyd og musikk vi kan skape med ein handteikna strek og å utforske ein ny arbeidsmetode for å skape audiovisuell kunst.

På konserten spelast den teikna lyden som samplingar i samspel med andre instrument. Det samla signalet sendast, samstundes som vi høyrar det, til oscilloskopet og vidare til ein projektor.

Dette er litt vrient å forklare, det bør oppleves:)
Merchant legal name Tonehimmel
VAT 927674335
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.