Vokalspelet - klangfabrikken på Vartdal
Doors open at 19:00

Organizer |
Tonehimmel
Contact organizer |
Open from | 26.06.2025 19:00 |
Location |
Klangfabrikken på Nordre Vartdal
|
Website | https://www.tonehimmel.com |
Vaksen
350,00 NOK
Festivalpass-billett
Billett for deg som har festivalpass
10,00 NOK
Advertisement

Organizer |
Tonehimmel
Contact organizer |
Open from | 26.06.2025 19:00 |
Location |
Klangfabrikken på Nordre Vartdal
|
Website | https://www.tonehimmel.com |
Songar og vokalkunstnar Ruth Wilhemine Meyer i samspel med seks lokale songarar og den store akustikken i Klangfabrikken på Nordre Vartdal.
Konserten er ein samtale mellom stemmer og rom.
Stemmene spør og romma svarer
Samtalen si forteljing vert skapt av det lyttande publikummet.
VOKALSPELET 2025
Sara Sybil Gundersen
Kristin Øye Gjersdal
Guro Kristin Gjøsdal
Marte Grønvold Nilsen
Stine Andenes
Ingrid Vik Henriksen
Ruth Wilhelmine Meyer er ein særeigen stemmekunstnar, multivokalist og komponist som utforskar instrumentet sitt for å skape musikk gjennom vokale klangfargar med mange ulike uttrykk. Ho har eit spenn frå klassisk vokaltradisjon, utvalde etniske tradisjonar, inkludert strupesong, norsk folkemusikk, multifonikk og rein støymusikk. Stemmeområdet hennar spenner frå 32 Hz til 2800 Hz, det vil seie nesten 7 oktavar. Ho er ein ettertrakta vokalkunstnar både i Noreg og over heile verda. Med sitt multiekspressive vokale uttrykk skaper Ruth lydlandskap frå det realistiske til det urealistiske, det forventa og det uventa, og lyden vert forteljaren.
Vokalspelet er eit kunstprosjekt med stemme for personar mellom 15 og 45 år. Prosjektet er leia av Ingrid Vik Henriksen og er eit femårig prosjekt der vi samarbeider med ulike kunstnarar. Målet er at dei som deltek skal få utvikle sitt vokale univers, lære seg å leike med improvisasjon, form, rom og samspel på nye måtar. Vi håper prosjekta skal vere med på å utvide den rike songtradisjonen på Sunnmøre, fremme skaparkraft, kreativitet og samklang både for dei som er med og for alle som lyttar.
Prosjektet er laga med støtte frå
Sparebank1 SMN og Sparebanken Møre
Billettar:
Vaksen: 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år: gratis

Merchant legal name | Tonehimmel |
VAT | 927674335 |