Trio Hjorth - Trøyst på turné - live i Undredal Stavkyrke
Doors open at 18:00

Organizer |
DUST OF DAYLIGHT LIVE
Contact organizer |
Open from | 31.08.2025 18:00 |
End time | 31.08.2025 21:00 |
Location |
Undredal Stavkyrkje
|
Website | https://www.musikkbloggen.no |
Trio Hjorth - Trøyst på turné - i Undredal Stavkyrkje
Trio Hjorth i Undredal Stavkyrkje Trøyst på turné. Konsertstart 18:00
270,00 NOK
Advertisement

Organizer |
DUST OF DAYLIGHT LIVE
Contact organizer |
Open from | 31.08.2025 18:00 |
End time | 31.08.2025 21:00 |
Location |
Undredal Stavkyrkje
|
Website | https://www.musikkbloggen.no |
Trøyst på turné
Vi har aldri offisielt bestemt at vi har noko namn, sjølv om Trio Hjorth har blitt kasta ut der. Så eg kallar det berre for Trøyst på turné eg. For det er på ein måte det det handlar om. Trøyst.
Kven er vi? Vi er Jorunn på piano, Sanja på cello og Arne på vokal. Vi spelar triste songar for å gjere folk glade.
Det starta med tre songar i samband med eit arrangement om musikk som terapi i regi av Senioruniversitet i Florø. Det var så gøy at vi utvida til fire songar og oppvarmingsoppdrag for Eliot Bronson på Vesle Kinn. Og då var vi ikkje så langt unna å spele ein heil konsert sjølv. Så det gjorde vi i februar i år, også det på Vesle Kinn i Florø. Vi la ut 60 billettar, og selte 64, så vi kallar det fullt hus. Stemninga var upåklageleg.
Ein nærmare titt på setlista viste at mange av songane vi har valt ut har noko åndeleg over seg. Ei lengsel etter noko større. Eit rop om trøyst. Vi tenkte at med litt tilpassing kan dette passe bra å spele i ei kyrkje. Eller fleire. Så då gjer vi det. Søndag 31. august spelar vi i fantastiske Undredal stavkyrkje. Det gler vi oss veldig til!
Her blir det havet. døden og kjærleiken. Det blir Townes Van Zandt, Thåstrøm og Billie Eilish. På norsk. Balsam for sjela var det nokon som sa etter konserten på Vesle Kinn. Vi testa dei ikkje for promille, men lepja det i oss og håper at det blir like fint i Undredal.
Som de sikkert veit. Kyrkja er lita og det er avgrensa med plassar. Her er det berre å løpe og kjøpe før det blir fullt! Sjåast vi?
Alt godt
Arne Hjorth Johansen, på vegne av trøystetrioen.
Sted: Undredal stavkyrkje.
Tid: 31.august 2025 klokka 18.00.

Merchant legal name | DUST OF DAYLIGHT LIVE |
VAT | 816830362 |