Your cart is empty

Bygdefest med Ausekarane ED2025

Doors open at 19:00 (16.08.2025)

Bygdefest med Ausekarane ED2025

Bygdefest laurdag

Billett til bygdefestkveld laurdag 16. august. Sitteplass til alle gjestar.

450,00 NOK
Advertisement
Organizer
Eikefjord grendalag
Open from 16.08.2025 19:00
End time 17.08.2025 01:00
Show starts 20:00
Age limit 18
Location
Fleirbrukshallen, Eikefjord
Laurdag 16. august kjem sjølvaste Ausekarane til Eikefjord i samband med sin sommarturné!
Denne kvelden får du også møte andre artistar frå områda kring Eikefjord, som byr på underhaldning i førekant av Ausekarane sin entré klokka 21.30.
Dørane og serveringa opnar kl. 19.00, og det er oppvarming på scena frå kl. 20.00.

Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar.
På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farandefant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon foralbumet «Ein hau med hitts».
Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja«Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media. Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar.
Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.
Merchant legal name Eikefjord grendalag
VAT 985574413
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.