Pop og poesi med Katrine Langlo // Torsdag 30. oktober
Doors open at 19:00

Organizer |
Fabrikken Kulturscene AS
Contact organizer |
Open from | 30.10.2025 19:00 |
Location |
Fabrikken Kulturscene
|
Website | https://www.fabrikkenkulturscene.no |
Advertisement

Katrine Langlo er ein dyktig låtskrivar og musiker frå Stranda som i løpet av det siste året har vekt merksemd regionalt gjennom TV-serien "Denne Stranda" på Sunnmøre Live, og med musikk i rotasjon på NRK Møre og Romsdal. Ho har også mottatt heider av Mållaget for bruk av dialekt og lokalt språk i musikk og poesi.
No er ho klar med den akustiske forestillinga Pop og poesi, der ho presenterer ein del av musikken og dikta ho har skrive til no.
Publikum kan glede seg til eit nært møte med ein sterk formidlar som får fram både alvor og humor i tekstane sine, gjennom personlege, politiske og sosiale tema. Det notoriske Bygdedyret kan også vente seg eit par reale og velretta spark. Låtane til Langlo er velarrangerte og pakka inn i eit varmt og akustisk lydbilete, godt hjelpt av to dyktige medmusikarar på scena.
Forestillinga har mottatt mykje god omtale:
«Balsam for sjela»
«Dette gjekk rett heim hos publikum, med ein god miks av humor og alvor»
“Ho treff spikaren på haudet - gong etter gong!”
«Ein sterk formidlar med gode tekstar som verkeleg når inn i hjertet»
«Ein dyktig låtskrivar og musiker som leverte ein veldig fin konsert! Dikta var humoristiske, og alvorlege, og ga rom for ettertanke»
Velkomen til ein kveld med god musikk og dikt som treff!
Katrine Langlo - vokal og piano
Aksel Helstad - gitar og bass
Malin Pålsson - vokal og perkusjon
Dørene opnar 19.00, konsertstart ca. 20.00.

Merchant legal name | Fabrikken Kulturscene AS |
VAT | 934936248 |