Your cart is empty

Audun Automat

Doors open at 19:30

Audun Automat

Student/elev

Må ha gyldig studentbevis

100,00 NOK

Medlem Jazzklubben

200,00 NOK

Ordinær billett

300,00 NOK
Advertisement
Organizer
JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
Open from 13.11.2025 19:30
End time 13.11.2025 22:30
Location
Tredet
Website https://www.jazzklubben.no
Audun Automat kjem til jazzklubben torsdag 13. november.
Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp. Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både i livet og i musikken. På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje.

Audun Automat er:
Jørgen Mathisen – saksofon
Torstein Lavik Larsen – trompet
Erlend Slettevoll – Fender Rhodes
Audun Ellingsen – bass
Ole Mofjell – trommer

Vel møtt
Merchant legal name JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
VAT 894913452
Advertisement