Your cart is empty

Klassisk Julekonsert

Doors open at 19:00

Klassisk Julekonsert

Billett

250,00 NOK
Advertisement
Organizer
Gamle Skrivargarden
Open from 09.12.2025 19:00
End time 09.12.2025 21:00
Location
Gamle Skrivargarden
Website https://gamleskrivargarden.no/
Klassisk Julekonsert med Karen og Marie

Marie Austrheim Riise (organist og pianist) og Karen Rosenberg Olsen (sopran) arrangerer med glede og stoltheit julekonsert for fyrste gong i Gamle Skrivargarden i Volda. Dei kan igjen by på kjende og kjære julesongar i nydelege arrangement, majestetisk orgelmusikk samt vakre og stemningsfulle songar frå det klassiske musikkrepertoaret.

Karen og Marie har spelt og sunge saman sidan dei var små og starta som fiolinelevar ved musikkskulen, det som no er Ørsta Kulturskule. Fiolintimane og aktivitetane ved musikkskulen opna opp for ei djupare interesse for musikk og etterkvart fann dei sine hovuduttrykk i piano og song. Då dei gjekk på musikklina på vidaregåande byrja dei å ta speleoppdrag i lokalmiljøet og i dag er dei begge høgt utdanna innan musikk og svært aktive innan sine felt. Denne konserten har dei no som ein fast tradisjon, men dei har óg fleire samarbeidsprosjekt saman, i det nye året.

Karen har i fleire år arbeida som profesjonell klassisk songerinne både i Noreg og med fleire konsertar utanlands. I 2013 fullførte ho si mastergrad i klassisk song ved Barratt Due Musikkinstitutt, Royal Conservatoire of Scotland og Norges Musikkhøgskole. Karen er også utdanna songpedagog og yogalærar og er tilsett som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda.

Marie er ansatt som organist i Ørsta Kyrkje samt at ho jobbar frilans som musikar i distriktet. I dei siste åra har ho også utmerka seg som komponist. På konserten kan publikum også gle seg til å få høyre vakre solostykker. Marie fullførte si mastergrad frå Norges Musikkhøgskole og Universitetet i Oslo i 2010.

Konserten vil vere satt saman av musikalske perler og stemningsfull, høgtideleg julemusikk. «O helga Natt» er eit sjølvskrive nummer til ein slik konsert og like så er kjende og kjære julesongar som "Glade Jol" og den svenske julesongen "Jul, Jul Strålande Jul".

Karen og Marie gleder seg til å synge og spele jula inn med det som har blitt ein juletradisjon for både dei sjølve og publikum.
Merchant legal name UNCLE'S INSTITUTION Egil Olsen
VAT 984495382

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement