Your cart is empty

Folk i Aalesund // Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar

Doors open at 19:00

Folk i Aalesund // Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar

Folk i Aalesund - 25.01.26

250,00 NOK

Folk i Aalesund - 25.01.26 - Student

Husk å ta med studentbevis

100,00 NOK
Advertisement
Organizer
Fabrikken Kulturscene AS
Open from 25.01.2026 19:00
Location
Fabrikken Kulturscene
Website https://www.fabrikkenkulturscene.no
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud, landskjend trekkspelar og drivkrafta bak plateselskapet Aksent. Det blir plateslepp av ny Bolstad-plate frå aksent denne kvelden !

Saman med Håvard står Arne M. Sølvberg – ein av våre mest meritterte formidlarar av tradisjonsmusikk. Dei tek publikum med inn i eit rikt musikalsk univers og gir slåttene nytt liv, med tydeleg forankring i tradisjonen og eit uttrykk som verkeleg svingar. Svendsrud og Sølvberg blir også med vidare og spelar til dansen etterpå.

Etter konserten blir det dans, med fleire sterke innslag som held golvet i gang utover kvelden. Fjelljom Spelemannslag med Arne Sølvberg i spissen startar dansen, så blir det bygdedans frå Møre og Romsdal med toraderspelar Marius Berglund – eit levande og rytmisk spel med trøkk i kvar tone og danseglede i kvar takt. Gruppa TA avsluttar ballet med runddansmusikk frå Sunnmøre og Romsdal. Dei består av Britt Elise Skram på fele, Odd Kåre Olafsen og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, Bernt Hansen på bass og Trond Salthammer på gitar.

Dørene opnar: 19:00
Konsertstart: 20:00
Merchant legal name Fabrikken Kulturscene AS
VAT 934936248

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement