Sigrid Moldestad m/band på Øvste Stegen

Doors open at 18:00

Sigrid Moldestad m/band på Øvste Stegen
Advertisement
Organizer
Øvste Stegen Høgdagard AS
Open from 08.08.2026 18:00
End time 08.08.2026 19:30
Location
Øvste Stegen Høgdagard
Velkomen til ei konsertoppleving utanom det vanlege! Den 8. august inviterar me til ein heilt spesiell kveld når Sigrid Moldestad kjem med band til Øvste Stegen Høgdagard.

Med fjorden og dei mektige fjella som naturleg bakteppe, ligg alt til rette for ei magisk oppleving. Den vakre og stemningsfulle musikken til Sigrid Moldestad, djupt forankra i norske folketonar, smeltar saman med landskapet og skapar ei ramme du seint vil gløyme.

Billetten inkluderar:
Busstransport frå Langhuso til Undredal t/r
- Første buss/t kl. 12.00
- Siste buss/t kl.15.15
- Første buss/r kl.21.00
- Siste buss/r kl.22.30

Båttransport med Fjordsafari frå Undredal til Stegalandet, bryggja der stien byrjar t/r
- Første båt/t kl.13.00
- Siste båt t/ kl.15.30
- Første båt/r kl.20.30
- Siste båt/r kl.22.00

Frå kaien ventar ein om lag éin times vandring opp til garden på Øvste Stegen – ein del av opplevinga i seg sjølv.

På Øvste Stegen vil det vera mogleg å kjøpe "Stegaburger"

Velkomen!
Merchant legal name Øvste Stegen Høgdagard AS
VAT 933526704

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement