ROBUSTE BARN v/Line Marie Warholm

Doors open at 18:30

ROBUSTE BARN v/Line Marie Warholm
Advertisement
Organizer
FOREININGA ELDSJEL
Open from 22.04.2026 18:30
End time 22.04.2026 21:00
Location
Velledalen Grendahus Vallavegen 243, Straumgjerde, Norge
FAU og Eldsjel inviterar til foredrag med Line Marie Warholm – om grenser, ansvar og robuste barn på Velledalen grendahus
*Korleis står det eigentleg til med barn og unge i dag – og kva treng dei mest av oss vaksne? I dette inspirerande og tankevekkjande foredraget tek psykolog og forfattar Line Marie Warholm oss med inn i kvardagen til barn, foreldre og fagfolk.
Med varme, humor og solid fagleg tyngd deler ho historier og konkrete døme frå heim, skule og barnehage. Warholm har ei unik evne til å forklare komplekse samanhengar på ein enkel og forståeleg måte – noko som gjer foredraget både lærerikt og engasjerande.
Gjennom foredraget set ho fokus på:
- kvifor tydelege vaksne er viktigare enn nokon gong
- korleis vi kan setje grenser med tryggleik og omsorg
- kva som skaper robuste barn og trygge relasjonar
- korleis vi kan ta vaksenansvaret på alvor i møte med barn og unge

Warholm minner oss om at å vere robust ikkje handlar om å vere tøff – men om å bli sett, tålt og halden fast, også når det stormar. Dette er eit foredrag som treff både foreldre, lærarar, leiarar og andre som jobbar med eller bryr seg om barn og unge❤️💚💙💛

Dørene opnar 18.30
Billett på www.tikkio.com
Billettpris 200 kr
Billettpris for foreldre ved Velledalen Montessoriskule og Velledalen Naturbarnehage 100 kr
Billett ved inngangen 250 kr for alle.
Merchant legal name FOREININGA ELDSJEL
VAT 914371953

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement